Norled AS og Fjord1 AS har i perioden frå 23. mars 2015 arbeidd med å greie ut om det finst grunnlag for ein fusjon mellom dei to nemnde selskapa. Partane har heile tida vore einige om at samanslåing ville vere ei god industriell løysing.

Samtalane om ein mogleg fusjon er no avslutta utan at noka løysing blir lagd fram for eigarane.

Etter ei totalvurdering er partane einige om å avslutta drøftingane om eit felles selskap.

Det skriv selskapa i ei felles pressemelding 15. juli.