Eit einstemmig styre har 29. juni tilsett Espen Remme (43) som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal (HMR).

– Vi er veldig nøgd med å få Espen Remme som ny administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, seier styreleiar Stein Kinserdal.

- I stillinga som strategi- og utviklingsdirektør i helseføretaket, har han leia ein utviklingsprosess med komplekse og krevjande problemstillingar på ein god måte. Helseføretaket får i dag ein ny direktør, men det er likevel ein person mange av dei tilsette er godt kjend med frå før, seier Kinserdal. Styreleiaren ser det som ein fordel at Remme kjenner organisasjonen godt internt, og har vore ein synleg representant i samspelet mellom helseføretaket og samfunnet elles.

–Vi meiner Remme har erfaringa, og dei rette faglege og personlege eigenskapane til å vidareutvikle Helse Møre og Romsdal, seier Kinserdal.

Les mer på helse-mr.no