Personalet ved Åfarnes oppvekstsenter har vore to dagar i Oslo. På besøk både hos Norges fotballforbund og Nobels Fredssenter.

– Utruleg kjekt og ein stor inspirasjon, seier «sjefen sjøl» Idunn Frøyshov Pharo. Ho fortel at opplegget har vore topp frå A til Å og at skulen har fått skryt for det arbeidet som er lagt ned så langt.

–No planlegg vi ein ny kickoff like etter skulestart til hausten, seier Frøyshov Pharo.

– Kva betyr ein slik tur for personalet?

– Veldig mykje. Vi får felles inspirasjon og vi får alle eit sterkare eigeforhold til det prosjektet vi no er i gang med å utvikle. Vi er framleis i ein prosess, seier einingsleiaren.

– Kva gjer eit slikt prosjekt med ein skule?

– Det gjer noko med oss alle, både lærarar, elevar og foreldre. Vi får eit betre felles språk og ei felles forståing rundt viktige ting i skulen, Samarbeid, ros og ta vare på kvarandre er stikkord. Dette er lagbygging slik det er i fotball eller andre lagidrettar.

– Vi planlegg nå ei oppsummering og å legge vegval saman med prosjektleiar i fotballforbundet, Svein-Erik Edvartsen, ved skuleslutt i vår, seier Idunn Frøyshov Pharo.