Det fortel journalist Jannicke Farstad som no har jobba lenge med ein film om sherpaane som i fleire høve har vore i Norge for å mure med stein i fjellet.

– Eg har lagt aller mest vekt på to plassar. Det er Nesaksla og Preikestolen, fortel Jannicke og ho røper på same tid at filmen er planlagt å bli vist i romjula i år. Jannicke fortel vidare at jordskjelvet i Nepal gjorde at landsbyen, der aktørane i filmen bur, vart 90 prosent øydelagt. No bur dei i telt i eit halvt år av frykt for nye skjelv. Så vil gjenoppbygginga av landsbyen starte.

Hovudkonturane av filmen er ferdig, men Jannicke Farstad skal gjere fleire opptak i Nepal for å vere heilt oppdatert.

– Det vart ikkje råd å presentere denne filmen utan at dette blir med, fortel filmskaparen. Ho legg og til at dette blir ein film som har to hovudkarakterar, begge er frå Nepal, og ein helt som er Geir Vetti. Det var han som starta prosjektet med å hente sherpaane til Norge for å gjere det kulturhistoriske arbeidet.

– Eg håpar og trur at filmen vil gjere noko med folk som ser den. Det er målet mitt, seier Jannicke Farstad.

– Romjula? Det må vel vere «prime time» for ein film som dette?

– Det er det og det er kjempeartig for meg. Vi veit aldri i NRK om ting kan bli endra, men romjula er plana.

 – Blir det ein happening på Åndalsnes i samband med at filmen blir vist?

– Normalt så gjer vi ikkje det, og eg veit ikkje om vi kan få det til. Men artig hadde det vore, ikkje minst ut frå det at det no blir vist eit sterkt engasjement i Rauma for å samle inn pengar til ofra i Nepal.Filmen blir på ein time og har førebels fått namnet «Dei som bygger stiane våre».