Nettstedet mrfylke.no skriv mellom anna:

"Alle ungdommar i Møre og Romsdal blir no invitert til ein felles friluftsleir i juli. I tre døgn skal dei bo saman i ein stor felles leir, og oppleve eit vidt spekter av friluftsaktivitetar.

Det er dei frivillige friluftslivsorganisasjonane organisert under Forum for natur og friluftsliv (FNF) i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune som står bak. Arrangementet finn stad på Setnesmoen på Åndalsnes 9.-12. juli.

Campen er ein del av programmet til Norsk Fjellfestival, og vil vere eit nytt tilbod til ungdom under festivalen. Turistforeningen, 4H, Speideren, Jeger- og fiskerforeningen, Naturvernforbundet og andre aktørar stiller opp med sine lokallag og presenterer aktivitetar og opplevingar for ein kvar smak. Fredagskvelden blir det konsert på campen.

– I samband med friluftslivets år 2015, ønsker vi å gjere eit forsøk med ein slik camp her i fylket, seier FNF-koordinator Ingbjørn Bredeli.

–Kanskje kan dette bli starten på eit årleg arrangement som samlar friluftslivsorganisasjonene og ungdom i Møre og Romsdal, seier Bredeli. Målet er at campen blir ei fantastisk feiring av friluftslivet og det å være aktiv ute.

–Det er første gongen dei frivillige friluftslivsorganisasjonane samarbeider om eit felles prosjekt på denne måten, og håpet er at vi saman skal kunne skape ein arena kor ungdom kan trivast og få ei positiv oppleving rundt eit aktivt friluftsliv, fortel Bredeli.

Det er allereie opna for påmelding hos Norsk Fjellfestival, med frist 10. juni.

Her kan kven som helst mellom 13 og 17 år bli med. Instruktørar og turleiarar vil hjelpe til med aktivitetane, så både dei med og utan friluftslivserfaring kan delta, seier Bredeli. Manglar du utstyr til overnatting, vil organisasjonane også bidra med dette.