Det er NRK Sogn og Fjordane som har sett søkelys på denne saka og funne ut 93 av landets sine kommunar ikkje har lagt ut informasjon om styreverv til kommunetoppane. Dette trass i at det er åtte år sidan eit slikt register vart oppretta.

Heilt sidan i 2007 har KS som er kommunane sin interesseorganisasjon, prøvd å få lokalpolitikarar, rådmenn og kommunesjefar til frivillig å føre opp alle sine styreverv. Men dette manglar altså i heile 93 av landet sine kommunar.

Bakgrunnen skal, ifølge NRK, vere at det alltid vil vere mange døme på at lokalpolitikarar og tilsette i ein kommune som har interesser i saker som er eller kan bli betente. Særleg gjeld dette i små kommunar.

Ifølge presentasjonen, gjort av NRK, er det 16 kommunar i Møre og Romsdal der denne registreringa ikkje er gjort. I region Romsdal gjeld det Rauma, Molde, Midsund og Aukra.

– Eg kjenner godt til at KS har arbeidd med å få alle kommunale leiarar og folkevalde til å registrere seg i styrevervregisteret, men registreringa er frivillig. Rauma kommune har så langt ikkje gjort vedtak om å slutte seg til registeret. Det er naturleg at dette blir vurdert på nytt ved starten av neste valperiode, seier rådmann Oddbjørn Vassli.

Han fortel at han har følgjande styreverv: Styreleiar Visit Nordmøre og Romsdal AS, styremedlem ROR IKT, styremedlem Romsdal regionråd (ROR) og styremedlem GassROR IKS.

– Eg har sett denne saka på NRK og eg var faktisk ikkje klar over denne lista. Det ser ut som dette har gått kommunar i Møre og Romsdal hus forbi sidan det er 15 andre kommunar i fylket som også ikkje er registrert. Eg ser heilt klart nytteverdien av den, for eksempel i habilitetsspørsmål. Dette er informasjon som bør ligge open og lett tilgjengeleg for alle, så dette er noko vi bør gjere noko med. Slik eg forstår det, er det berre snakk om at vedtak må bli gjort, seier ordførar Lars Olav Hustad.

Han opplyser at han har følgjande styreverv: Styremedlem Eksportvegen, AS Styremedlem Samspleis AS og Styremedlem Nordveggen AS.