Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal sendte ut følgende pressemelding 31. januar:

"Naturvernforbundet har for fjerde år på rad fått gjennomslag for si klage på gaupekvota i Midt-Noreg. Naturvernforbundet er glad for avgjerda. Gaupa er oppført på raudlista som sårbar og treng ei god forvalting.

Departementet slår fast at Romsdalshalvøya ikkje lenger skal vere i område for fri jakt, men må ha ei kvote om det skal vere jakt. I område med mål om yngling skal ein ikkje jakte i vinter, bortsett frå der det er viktige tamreininteresser. I Nord-Trøndelag blir jakta innretta slik at ein over tid bør få ynglingane i område med mål om yngling og ikkje utanfor. Departementet har dessutan bestemt at det skal vere hodyrkvote også i område utan mål om yngling.

Nemnda sitt vedtak har vore endra av departementet i alle fall sidan 2012. Generelt går det igjen at nemnda si totalkvote har vore redusert og reservekvota er nulla ut kvart år av departementet. Når det gjeld hodyrkvota skal ein vere merksam på at nemnda berre har praktisert hodyrkvote for jaktområde med mål om yngling. Jaktområde utan mål om yngling har hatt fri hodyrkvote. For 2015 har departementet tald også desse dyra med i hodyrkvota, og dette er årsaka til at departementet si hodyrkvote er høgare enn den som nemnda har fastsett.

Gjennomsnitt dei siste tre åra var no sist 11,5 familiegrupper, dvs. under målet, men avrunda til 12 som dermed gav nemnda heimel til å fastsetje kvote for 2015.

Gaupebestanden i regionen er nær målsettinga i forvaltingsplanen. Dette til trass for at kvota har vore lågare enn det nemnda har vedtatt.

Rovviltnemnda i region 6 har dokumentert at dei ikkje er i stand til å forvalte gaupebestanden. Då er det like greitt at Miljødirektoratet overtar oppgåva, slik det ligg an til viss ikkje det blir påvist eit stort tal familiegrupper av gaupe i vinter.