- Regjeringspartia H og FrP vil ha frislepp av søndagsopne butikkar, og kan saman med Venstre få fleirtal for dette i Stortinget. Vi i Senterpartiet er sterkt mot framlegget. Det regjeringa går inn for er i strid med kva folk flest og handelsnæringa ønskjer, og vil ha fleire negative konsekvensar, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge i ei pressemelding.

-  Maten vil bli dyrare, fordi løns- og driftsutgiftene til butikkane vil gå opp med ein ekstra opningsdag. Det er sterkt begrensa kor mykje ekstra vi kjem til å kjøpe og eta på grunn av at butikkane blir meir opne. Søndag er ikkje akkurat fastedag frå før. Vidare vil det kunne ha sosiale følgjer om søndagen blir svekka som felles fridag frå arbeid og handleturar. Færre kan koma på søndagsmiddagen heime hos bestemor, færre kan stille opp på frivillige aktivitetar og presset på arbeidstakarane i handelsnæringa blir større. Senterpartiet seier klårt nei til søndagsopne butikkar, og håpar regjeringa snur i denne saka, seier Klinge.