I løpet av få dagar vil kultursjefen annonsere eit ønske om å få forslag til kandidatar til Rauma kommune sin kulturpris for 2014. Fristen for å sende in forslag blir sett til 1. november.

Valde fortel at dette er ein pris som kan gå til personar, lag, organisasjonar eller institusjonar som har utmerkt seg innan kulturfeltet.

– Det er formannskapet som avgjer kven som skal få prisen, seier Valde og håpar at det skal kome inn forslag i år som både overraskar og som ikkje minst gjer valet klart å ta.

– Men uansett. Eg er ikkje i tvil om at vi skal finne gode kandidatar til prisen. Kommunen gir prisen for å heidre og å setje pris på ein stor innsats som blir gjort, seier valde.