Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) i Møre og Romsdal har i møte den 30. september gjort vedtak om tildeling av Trafikktryggingsprisen 2014 til pensjonert politimann Harald Torseth.

Harald Torseth, tidlegare politimann ved Molde politistasjon/Nordmøre og Romsdal politidistrikt, har i ein periode på 30 år vore sterkt engasjert  og tatt initiativ i ulike tiltak for å betre trafikktryggleiken i Møre og Romsdal.

Han har vist eit sterkt og breitt ts- engasjement i mykje av si yrkesaktive karriere som politimann. Som pensjonist er han fortsatt aktiv og engasjert i ulike prosjekt gjennom Trygg Trafikk i FTU regi.

Døme på prosjekt som Torseth har vore pådrivar og initiativtakar til:

•Politimann i «Ikkje tøft å være død» forestillinga i regi av FTU og Trygg Trafikk frå 1988-1997.

•Aktiv i «1840-aksjonen» frå 1999 til 2011.

•Aktiv i «Avbestill trafikkulykken» frå  2009 til 2011

•Aktiv pådrivar for og utførar av trafikkontrollar i politiet

•Leiar for ATK sentralen på Hustad frå 2005-2012

•Aktiv i utviklinga og iverksetting av «Si i frå aksjoen»  ( 2012, 2013)

•Har jobba med russ i Romsdalen i mange år.

•Gjennomfører nå eit stort prosjekt om sikring av barn i bil i alle barnehagar i fylket.

•Aktiv og engasjert ts-aktør (samarbeidspart )for FTU i Møre og Romsdal i mange år.

Oversikta viser at Harald Torseth i ein mannsalder har vore ein nøkkelaktør i trafikktryggingsarbeidet her i fylket. Hans engasjement og  støtte har vore til stor nytte for alle dei ulike samarbeidspartane her i fylket. Han er tydeleg, kunnskapsrik og lett å samarbeide med. Harald Torseth er ein person som utvilsomt har vist og fortsatt viser eit engasjement langt utover det ein normalt kan forvente.