Den nye stien rundt Herjevatnet vart offisielt opna på søndag. Det vart gjort med å dele ut blomster til styringsgruppa som har stått bak, ved å servere gratis kaffe og kaker, ved at kultursjef Øystein Valde kutta opningssnora og ikkje minst ved at mange, svært mange hadde møtt opp i det fine vêret.Eit nytt tilbod er dermed på plass på Nysetra og fleire la ut på den åtte kilometer lange turen med ein gong stien var opna.