Nokre får naudtelefonar hadde belysning – det samme hadde ei snunisje; men elles var det mørkt, stummande mørkt.

Per Brandli i Statens vegvesen, som regel den ein ringer opp når noko er unormalt, seier han ikkje veit eksakt kva som har skjedd .

– Men mest sannsynleg har det vore tunnelvask i løpet av natta, seier Brandli.

Erfaringar frå tidlegare gjer at dei tek straumen når nedvasken pågår – at det til ein viss grad må tørke opp inne i tunnelen før lyset kan settast på igjen.

– Eg reknar med mørklegginga er eit forbigåande problem; at belysninga snart skal vere på plass igjen, seier Brandli.