Som pendlar mellom Vågstranda og Åndalsnes gjennom 30 år har eg fått vere med på mange samferdselsmessige framskritt. Innfjordtunnelen, Måndalstunnelen og no, Vågstrandstunnelen.

Samla sett nesten 12,5 kilometer med veg under tak. Tørr veg, brei veg, sikker veg.

Planane mange

Planene for ein betra veg mellom Våge og Stolsneset har vore mange. I starten vart det arbeidd for ei utviding av eksisterande europaveg. E-136 lagt i betongkulvert under skredfaren frå Håvardfonna. Smale Farkvamtunnelen erstatta av ein ny og litt lenger. Beskjedne tiltak som i sum skulle berge bilisten frå kollisjon i dei smalaste vegstykka – hindre at fonn og stein trefte bilar og folk.

Med tankane om eit fellesprosjekt Tresfjordbrua/Vågstrandstunnelen vart planen om eit stykkevis og delt løysing Våge-Stolsneset lagt vekk. Ein 3665 meter lang tunnel vart resultatet.

Eg slepp å bremse ned...

Når eg i dag køyrer heim frå arbeid, må eg ikkje lenger legge vegen om Stolsstranda – der manglande breidde på vegen bestemmer farta på bilen. Eg slepp å bremse ned framfor Farkvamtunnelen, slepp å undre meg på om traileren som kjem meg i møte har plass nok.

Ikkje må eg slakke ned i svingen mellom tunnelåpninga og Farkvamelva; undre meg på om vegbanen er glatt i dag. Ikkje må eg sjå etter lys frå møtande trailerar på strekninga mellom Storvika og Vågsneset; undre meg på kvar det er mest formålstenleg å stanse i dag.

God lokalkunnskap

Gjennom alle år; ikkje berre åra med pendling, har ein skadefri køyretur mellom Våge og Stolsneset vore heilt avhengig av god lokalkunnskap – kvar det er smalt, kvar det er muleg å møte andre, kvar ein ikkje må møtast.

Og bank i bordet; bortsett frå ein øydelagt felg i møtet med ein nettopp nedfallen stein på kvitstripa aust for Høgmuren ein mørk og regnfull vintermorgon, har det vore skadefrie turar.

Ikke lenger ein fare

Når eg i ettermiddag passerer Måndalstunnelen på veg vestover, så er det berre å halde fram inn i ein ny og endå breiare Vågstrandstunnel. Den blankslipa fjellsida under Blåstolen/Trollstolen representerer ikkje lenger ein fare, men eit vernande tak over vegen.

Borte er farlege svingar, trafikkfeller, krigsveg på vaklevorne murar – ein bit forsømt stamveg mellom Åndalsnes og Ålesund. Så no er alt såre vel? Definitivt ikkje. Ved Måna bru i Måndalen skrik E-136 etter ei betre løysing. Det samme gjer vegframføringa gjennom Veblungsnes. Også den smale og svingete Hjelviktunnelen ropar etter avløysane tiltak.

Tid er gått, liv er tapt i ventetida det er gått mellom planer er fremja og tiltak er sett i verk; også mellom Våge og Måndalstunnelen. Håpet må vere at tida ikkje blir like smertefull fram til neste milepæl blir nådd.