Det er den store fridomen som ligg i å kunne køyre når ein vil som lokkar 17-åringen Thea aller mest. For sjølv om mor og far har køyrd flittig i mange år, blir det noko anna når ein kan vere impulsstyrt bilbrukar. Thea har dessutan lagt til side pengar for å kunne kjøpe seg bil. Ho seier det ikkje er så nøye kva bil det blir, kanskje blir det ein Golf. Men det er pris og kva ho har råd til som vil blir avgjerande for den komande bilhandelen. Kanskje blir det litt sponsing frå mor og far og.

Førarkortet er i alle fall sponsa. Mor Inger Lise fortel at foreldra skal betale. Det er lova mot ein avtale om at Thea ikkje skal begynne å røyke eller snuse.

– Og det har eg ikkje gjort og har heller ikkje tenkt å begynne med det, smiler Thea som får skryt av mamma for at ho er flink bak rattet. Ho har køyrd mykje i snart to år, mest på landeveg, men etter kvart også i byen.

Thea fortel at dei aller fleste gjerne tar førarkortet så snart dei fyller 18 år. Men ikkje alle. Somme utsett det fordi dei kanskje bur i ein by for å studere og fordi dei ikkje treng bil. For Thea har ikkje det vore noko tema i det heile tatt. Truleg blir ho lærling i heimetenesta i Rauma kommune og vil også av den grunn trenge førarkort i jobben.

– Er du flink til å køyre?

– Mamma nikkar og Thea synest ho har fått ein god del erfaring etter kvart. Ho veit at det er eit stort ansvar når ho snart skal sette seg bak rattet heilt åleine. Ho trur det å tilpasse farta kanskje blir det som blir mest utfordrande i starten.

Mor Inger Lise har vore ”køyrelærar” i mange år både for Thea og ein son som er eldre og som i dag har eigen bil. Inger Lise synest generelt at mange ungdomar i dag er flinke med bil og at dei tek det store ansvaret det faktisk er å vere i trafikken.

– Vi har snakka mykje om det, at det går fort og at det er eit stort ansvar. I verste fall kan heile livet bli øydelagt, seier Inger Lise og åtvarar mot at bilkøyring skal skje på autopilot, at vi gløymer å tenke over det store ansvaret vi har.

– Kva meir har du lagt vekt på til Thea når det dreier seg om bilkøyring?

– At ho skal vere tøff nok til å seie frå når ho sit på med andre og det går farleg fort. Men eg veit at det ikkje er lett. Thea innrømmer fort at det ikkje er lett.

Inger Lise ser fram til at dottera skal bli sjølvhjelpt. Å bu på Åfarnes gjer at det blir mange mil i bil.

– Eg er heilt avhengig av bilen både i jobb og privat og det er nok dei fleste, seier Inger Lise. Ho innrømmer på same tid at det lett blir ein vane å ta bilen og at andre alternativ som buss ikkje blir sjekka ut.

Inger Lise synest Thea er flink til å køyre, men ho er oppteken av å formidle at gode haldningar er viktige. Foto: Stein Siem