Mengdetrening, seier Ole-Bjørn Dalum og oppfordrar foreldre til å stille opp for dei unge som vil ta førarkort. Han seier at det er svært ulikt kor mykje dei unge har fått køyre og at foreldre gjerne meiner dei ikkje har tid.

– Det vil vere ei god investering å bruke tid på dette, seier Dalum og rår til at foreldre gjerne kan vere med på eit par køyretimar i baksetet så snart dei unge er 16 år. Slik kan dei lære kva det blir lagt vekt på.

– Det burde nesten ha vore obligatorisk, seier Dalum med eit sterkt hint til ”slappe” foreldre. Han ser gjerne at dei unge har både 2000 og 3000 kilometer med køyring bak seg når dei begynner med timar i køyreskulen.

– Så det er ikkje slik at vi lærer dei dumme uvanar?

– Dei uvanane skal vi i tilfelle bruke kort tid på å luke bort, seier Dalum.

– Kva er det dei unge treng mest hjelp til når dei kjem til deg?

– Til å køyre i vanskelege og komplekse situasjonar der det er mange omsyn å ta på same tid. Dei treng dessutan øving i å avpasse fart i høve til ulike situasjonar. Det gjeld ikkje minst både i 80- og 90-soner.

– Er det stor forskjell på gutar og jenter slik du ser det?

– Ja, ein viss forskjell er det nok. Gutane er gjerne betre teknisk, men jentene er meir modne og risikobevisste. Gutar trur litt meir at dei kan alt frå før. Men eg ser mest svært ansvarsfulle ungdomar som tek bilkøyring på fullt alvor og er flinke sjåførar, seier Dalum. Han nemner likevel dei unntaka han ser. Dei han gjerne tidleg kan peike ut og som ikkje er lett å påverke og som kanskje kjem att eit halvår etterpå fordi dei har mista lappen på grunn av fart.

– Det er fleire gutar enn jenter av denne kategorien, seier Dalum.

Motivasjon

Ole-Bjørn Dalum har vore køyrelærar i 38 år. Han seier det har endra seg mykje oppgjennom åra. Motivasjonen for å ta førarkortet har og endra seg. Mange tek ikkje teorien så tungt og ser det ikkje som noko stort problem om dei stryk. Dei prøver berre på nytt.

– Ofte argumenterer dei berre med at dei ikkje betaler det sjøl, seier han. Før var dei unge meir opptekne av at det ikkje måtte bli for dyrt.

– Kjøper dei unge eigen bil?

– Ja, langt meir enn før. Og dei har gjerne ei bestemt meining om kva bil det skal vere. BMW ligg nok i teten. Mange har gode sponsorar heime.

– Er det lurt at foreldre går inn med litt pengar for å sikre at dei kan kjøpe seg ein bil som ikkje er for billeg og for dårleg?

– Det kan det gjerne vere. Ikkje minst har det med sikkerheit å gjere. Det kan vere lurt å spytte inn litt. Dei unge er det kjæraste vi har.

– Kor mange timar brukar dei unge i gjennomsnitt hos deg?

– Rundt 25 timar kanskje. Eit førarkort vil dermed koste mellom 20.000 og 25.000 kroner, seier Dalum før han nok ein gong nyttar høve til å oppfordre foreldre om å sørge for mengdetrening i bilkøyring.

– Og vi samarbeider gjerne med foreldre om det!, er det siste gode rådet frå køyrelæraren.