Frå 1. mai er det slutt. Då vil fylkeskommunen ikkje lenger produsere trykte rutehefte for kollektivtilbodet.

– Vi tilbyr ruteinformasjon i fleire andre format. Denne informasjonen vil vere oppdatert til ei kvar tid, seier samferdselsjef Arild Fuglseth i ei pressemelding.

Fylkeskommunen opplyser at det er fleire moglegheiter for å få informasjon om rutetider og avgangar for FRAM:

• Reiseplanleggaren på frammr.no

• MR Ferjerute viser avgangane til ferjene og hurtigbåtane

• Fram Kundesenter gir ruteinformasjon for all kollektivtransport i fylket