Isak og Jørgen trenar saman, reiser saman og søv saman

Dei har trent saman sidan dei var sju og fem år gamle. No kjempar begge for å komme gjennom det tronge nålauget i norsk alpinsport.

Satsar: Isak Staurset (18) og Jørgen Slettaløkken (16) satsar på alpin, og da blir det mange reisedøgn. Her er de i sengene på Thon hotell Jølster. 8Foto: Torvald Hjelden Sætrang  Foto: Torvald Hjelden Sæ¦trang

Prioritering: Som ung alpinist er det mykje ein må prioritere bort. Staurset er russ i år, men seier han er vand til å gå glipp av hendingar grunna sporten. Foto: Torvald Hjelden Sætrang  Foto: Torvald Hjelden Sætrang

I aksjon: – Skigymnaset på Oppdal er jo det beste i landet. Nivået på trenarane er høgt, miljøet er bra og med ei plassering der alt ligg på ein plass, seier Isak Staurset. Foto: Privat  Foto: Privat

Steg for steg: – Eg vil ta det steg for steg. Målet er å komme meg på Europacup-laget, også vidare inn på World Cup-laget, seier Jørgen Slettaløkken. Foto: Evy Kavli  Foto: Evy Kavli

Gir kvarandre råd: – Det er eit veldig bra miljø, og vi som er ferske kan heile tida lære av dei som har gått på gymnaset nokon år, seier Jørgen Slettaløkken. Foto: Torvald Hjelden Sætrang  Foto: Torvald Hjelden Sætrang

Nyheter

Saman med alpinistar frå fleire nasjonar er dei der for å delta på FIS-renn i slalåm torsdag og fredag.

Torsdagens renn gav resultat på kvar sin ende av skalaen for gutane. For Staurset blei det ein opptur med ein sterk åttandeplass.

Slettaløkken fekk ikkje ein fult så god oppleving, og køyrde ut etter 15 sekund, ifølge seg sjølv.

Bra førsteomgang

– Førsteomgang var bra, men andre var ikkje fult så bra. Eg har køyrd lite slalåm i år så slik sett er eg nøgd med plasseringa. Eg har slite litt med ei ryggskade etter NM, men fekk restituert bra i påska, fortel Staurset.

Medan Staurset går tredje året på skigymnaset på Oppdal, er Slettaløkken på sitt første år.

– Det har gått greitt første året. Eg har levert plasseringar som gjer at eg får betre startnummer til neste sesong. Eg er også nøgd med opplegget på Oppdal.

– Skigymnaset på Oppdal er jo det beste i landet. Nivået på trenarane er høgt, miljøet er bra og med ei plassering der alt ligg på ein plass, skyt Staurset inn.

Begge har storesøsken som har gått på skigymnaset før dei. Staurset har også ein yngre bror, Iver Staurset, som han fortel at etter alle solemerke skal starte på gymnaset til hausten.

Lange reiser

Turen til Jølster er berre ein av mange lange turar i løpet av ein sesong. Dagen før reiste dei seks timar, og etter renna på Jølster tar turen vidare til Voss.

– Det blir ein del reising. Då eg reiste til junior-NM i Sauda var det 14 timar reise. Dei første ti timane gjekk greitt, men dei siste fire var knallharde. Det blir tungt, spesielt dagen etterpå, men det hjelp at vi er førebudd på det, seier Slettaløkken frå Isfjorden.

Under junior-NM leverte han eit sterk renn og kom på fjerdeplass. Då var det også ifølge han lettare å gje seg ut på den lange heimreise, enn om han hadde køyrd ut.

Det at gutane går same studie, er noko som spesielt Slettaløkken er tent med.

– Når Isak køyrer bra på ski kan eg spør han om råd. Det er eit veldig bra miljø, og vi som er ferske kan heile tida lære av dei som har gått på gymnaset nokon år.

Sjølv om det blir lagt til rette for at gutane skal kunne kombinere skulen med skikøyringa, er det ikkje alltid like lett. Trenarane sett opp planar som lærarane kan ta omsyn til, men det skjer ofte endringar som igjen går ut over undervisninga deira.

– Vi driv med ein utandørsidrett og det kan ofte skje forseinkingar. Ikkje alle lærarane har like stor forståing, og det er vanskeleg å gjere det veldig godt på begge arenaer. Eg gjer det greitt på skulen og bra i bakken. Slik får også prioriteringa vere enn så lenge. Det er ikkje alltid det er like lett å opne boka etter ein full dag med reise og skikøyring, fortel Staurset.

Må prioritere

Som ung alpinist er det mykje ein må prioritere bort. Staurset er russ i år, men seier han er vand til å gå glipp av hendingar grunna trening eller konkurranse. Slettaløkken kan fortelje at han ikkje har tal på kor mange bursdagar han har gått glipp av opp igjennom åra.

Når årets sesong no nærmar seg slutten, er det ikkje lenge dei to raumaværingane får senke skuldrene før køyret er i gang igjen. Målsettingane for neste sesong er allereie klar.

– Til neste år må eg hevde meg på nasjonalt nivå og gjer eit namn ut av meg. Det er klart eg føler eit press, men presset kjem i hovudsak frå meg sjølv. Draumen er OL og World Cup. Då er det både skremmande og inspirerande å sjå kor høgt nivået er i Norge, seier Staurset.

– Eg vil ta det steg for steg. Målet er å komme meg på Europacup-laget, også vidare inn på World Cup-laget for å køyre med dei store gutane, avsluttar Slettaløkken.