Romsdalsmuseet vant reiselivsprisen

Prisen ble delt ut torsdag.

Romsdalsmuseet  Foto: Per-Kristian Bratteng

Nyheter

- Romsdalsmuseet har utan tvil bidratt til å gjere Møre og Romsdal til eit meir attraktivt reisemål, seier styreleiar i Møre og Romsdal Reiseliv, Lars Olav Hustad, i ei pressemelding.

Det er Møre og Romsdal Reiseliv som kvart år deler ut Årets Reiselivspris. Om årets vinnar har dei mellom anna lagt vekt på at Romsdalsmuseet kan tilby eit stor spenn av opplevingar både sommar og vinter, innandørs og utandørs, og at dei har noko som passar for alle.

"Turistane vil ikkje lenger berre oppleve reisemålet frå buss- eller bilvindauget, men vil delta sjølv å gjerne lære noko nytt. Romsdalsmuseet har tilsette som til saman har ein enorm kunnskap om både fjern og nær historie. Dei tilbyr opplevingar som varierer frå faste og turnerande utstllingar til opplegg for skoleklassar."

Juryen trekker spesielt fram dagleg leiar Jarle Sanden.

"Han har profilert Møre og Romsdal på ein unik måte i lokal, regional, nasjonal og internasjonal media. Romsdalsmuseet vart etablert i 1912 og har mange avdelinger spreidd rundt i Romsdalen. Nybygget «Krona» vart opna i 2016 og har vunne ei rekke prisar for den nyskapande arkitekturen."

Møre og Romsdal Reiseliv er paraplyorganisasjonen for destinasjonsselskapa i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune er også medlem.