Ei ny og stor hytte er i ferd med å bli ferdig ved Saltkjelsnes camping. Ifølge eigaren Jørn Ole Skiri ei hytte for framtida og ei hytte som er eit direkte svar på endringar i campingmarknaden. Fleire og fleire av kundane er stamgjestar og dei brukar store delar av ferien sin til å ligge i ro på plassen.

For å henge med i denne utviklinga og i kravet om meir og betre komfort, må altså campingeigaren investere. I første omgang i ei hytte på godt og vel 50 kvm med alle moderne fasilitetar i huset, og i neste omgang kanskje fleire hytter av same sorten. Skiri fortel at gode senger, god plass og eige bad og kjøken i huset er det som skal til for å halde på «langtidsturisten».

– Og desse vil eg gjerne både ha, halde på og få nye av, seier Skiri før han legg til at campingturisten elles ikkje er så lett å definere. Framleis finst dei som berre vil ha ei lita hytte og bruke minst mogleg pengar på å overnatte, og framleis finst dei som stoppar på impuls og som kjem «på døra» med spørsmål om ei lita hytte for ei natt. Dei gamle hyttene på plassen skal framleis gjere teneste for desse turistane.

Framtid

Men framtida ligg i komfort og å satse på langtidsturisten. Det meiner Jørn Ole Skiri som no har drive campingplassen i Eidsbygda i fem år. Plassen har gjennomgått kontinuerlege endringar og oppdateringar sidan foreldra starta opp i 1967. Skiri har god tru på framtida når det gjeld turisme. Han trur stamgjestar er dei siste som vil slutte å kome og at deira krav difor må imøtekomast på best mogleg måte.

Endringar

Reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke er svært glad for at det blir investert i høgstandardhytter slik vi no ser at det blir gjort ved Saltkjelsnes camping. Ho meiner slike hytter også vil føre til at sesongen kan bli lengre og ikkje berre avgrense seg til dei «stappfulle» sommarmånadane.

– Den nye hytta er no bestilt frå starten av mai til langt ut på hausten, før ho er teken i bruk, seier Jørn Ole Skiri. Han viser til at det må til om det skal vere meining i så store investeringar.

Gråberg Bakke synest satsinga ved Saltkjelsnes camping er svært spanande og midt i blinken i høve dei behov som mange turistar no har.

– Dette er ei svært ønska utvikling, seier Gråberg Bakke og legg til at vertskapet på Saltkjelsnes camping er svært dyktige både som vertsskap og til å legge til rette for gode tilbod på plassen.

– Er dette eit døme på at det skjer ei utvikling i reiselivet i Rauma no?

– Det er nesten som eg må klype meg i arma. Det har skjedd utruleg mykje positivt dei siste to åra. Ei utvikling som gjer at vi kan trekke til oss nye grupper og gjere sesongen lenger, seier Gråberg Bakke.

Reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke er svært glad for satsinga ved Saltkjelsnes camping. Foto: Ellinor Rørvik Lothe