Heggelund som kjem frå Oslo, er vant til opne kyrkjer, der ein kan stikke innom kyrkja for ei stille stund også på ein kvardag.

Eit slikt tilbod ynskjer ho også for sitt sokn, som på denne måten kan få eit regelmessig tilbod kvar onsdag kl.17.00.

– Den halvtimeslange kvardagsmessa er eit tilbod, der absolutt alle kan få bruke kyrkja si, seier den blide soknepresten, og legg til at den enkle messa utan preike, inneheld ein kort liturgi, nattverd, litt bøn og opplesing.

Kyrkja blir opna ein halvtime før, der folk som kjem innom kan tenne eit lys, eller berre finne ein plass i kyrkjebenkane.

– Det at messa er kort, gjer at det kanskje kan bli lettare for folk å komme i kyrkja på ein kvardag utanom dei vanlege søndagsgudsteneste, seier Heggelund, som forklarar at Voll kyrkje blei valt fordi den ligg mellom Vågstranda og Innfjorden på Sørsida.

– Dersom nokon meinar at terskelen for å gå til nattverd kan verke noko høg, håpar eg at ei slik messe får folk til å sjå at i det store bildet er alle like. Absolutt alle fortener nåden som er i dei kristne sakramenta, seier sokneprest Ida Maria Heggelund, som ynskjer folk frå heile soknet til eit lite pusterom i Voll kyrkje kvar onsdag ettermiddag.