Arnfinn Kolerud si barnebok Snillionen er nominert til Kulturdepartementet sin litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2017. I begrunnelsen heiter det at:

"Personar og hendingar blir skildra på ein detaljrik, levande og humoristisk måte, og med ein alvorleg undertone. Her blir verdiar og moral diskutert utan moralisering. Kolerud får lesaren til å reflektere over kvardagsspråket med overraskande vendingar. Ei underhaldande forteljing om kor vanskeleg det er å vere styrtrik og samstundes eit godt menneske."

Kolerud kjem frå Isfjorden, men bur i Måløy.

Dei andre nominerte til litteraturprisen er Bjørn Ingvaldsen med boka "Lydighetsprøven. En tenkt fortelling om et barn" og Marit O. Kaldhol med boka "Z for sorry".

I dag foregår og "Books at Berlinale" der Snillionen blir presentertfor 150 filmskaparar under Filmfestivalen i Berlin.

- Det er vanskeleg å vere noko anna enn glad og lettano. Før jul var eg nok både sur og taus, for det gjekk to månaderutan at det hendte noko som helst. Eg var redd boka skulle drukne ilag med to års arbeid. Men så vart boka plukka ut tilFilmfestivalen i Berlin, det kom eit par gode kritikkar i media ogbrått var boka utseld. Så vart det laga lydbok og pocketbok, og nokjem desse to flotte nominasjonane, seier Kolerud til Åndalsnes Avis.

Prisutdelinga finn stad torsdag 8. mars i Nasjonalbiblioteket.

For nokre veker sida ble det klart at boka er nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok.