Store investeringar står føre på begge ferjekaiene i sambandet Åfarnes-Sølsnes. Dei gamle kaiene har svært avgrensa levetid.

Samferdsleutvalet i fylket gjorde denne veka eit vedtak om å setje i gang tiltak med tanke på den såkalla Romsdalspakka som skal konkurranseutsetjast no i februar.

Når Romsdalspakka blir lyst ut, skal kaianlegga beskrivast i anbodspapira. Åfarnes-Sølsnes skal ha ei toferjeløysing og må ha ei liggekai for fartøy nummer to. I dag er det ikkje plass til å legge til kai ei ferje som ikkje er i bruk. Det er behov for forsterking av ei slik liggekai og det må lagast eit djupare basseng. Det er no gjort vedtak om at ei slik liggekai skal etablerast på Sølsnes.

Det billigaste alternativet med ei kostnadsramme på 94 millionar kroner er no vedteken. Her er det rekna inn 40 millioner på kvar av kaiene, åtte millionar til liggekai på Sølsnes og tre millionar på kvar av kaiane til midlertidig trafikkavvikling. Det er sett som krav at ny liggekai må vere klar til bruk seinast 1. januar 2022.