Ingrid Nerhus Hole frå Åndalsnes synest det heile er litt ekkelt.

Måndag opplevde ho nemleg at ein eller annan hadde hacka seg inn på hotmailadressa hennar og sendt ut meil til mange ho kjente.

I den meilen står det at Ingrid er i Kiev i Ukraina og har mista alt ho har på busstasjonen i byen. Ho ber om økonomisk hjelp, eit lån, som ho vil betale tilbake når ho kjem heim. Heilt konkret er lånesummen fastsett til litt over 18.000 kroner.

– Det var mange som kontakt meg på måndag for å åtvare mot det som var i ferd med å skje. Men heldigvis var dette så amatørmessig gjort at dei aller fleste nok vart skeptisk og ikkje gjekk vidare med det, seier Ingrid og legg til at ho no har levert alt ho har rundt dette til lensmannskontoret. I tillegg har ho blitt rådd til å skifte passord til hotmail og sperre alle betalingskort.

– Eg har fått det rådet frå banken, seier ho.

– Korleis opplever du dette?

– Det er litt ekkelt. Eg har prøvd å finne ut omn det er kan vere noko eg har gjort i det siste som har gjort det lett å kome seg inn på min e-post, men kan ikkje tru det er det. No er alt som var lagra der fjerna og borte.

– Er dette eit teikn på kor sårbare vi er?

– Ja, eg tenker det. Eg trudde ikkje at noko slikt skulle ramme meg og eg håpar no at det ikkje får noko økonomiske konsekvensar. Generelt handlar det nok om å vere litt skeptisk når mistenkelege meilar kjem, seier Ingerid Nerhus Hole.