– No må Åndalsnes Avis ta tak i saka om den gamle aldersheimen på Åfarnes! – Veøy omsorgssenter ser ikkje ut. Det er ei skam. – Kva meiner kommunen med at omsorgssenteret berre står og forfell? Kva skal denne bygninga brukast til?

Både i tida før jul og i tida etter jul har fleire personar vore i kontakt med Åndalsnes Avis med ønske om å sette fokus på framtida for det gamle omsorgssenteret i bygda. For heilt sidan huset vart lagt ned og dei som budde der flytta ut, har ingen ting skjedd, meiner mange på Åfarnes.

Ingen har så langt sett ansiktet sitt på kritikken mot huseigar Rauma kommune, men Åndalsnes Avis har snakka med mange, og veit at frustrasjonen over huset for forfell er stor. Ei skam for kommunen og oss som bur her, er ord som blir brukt. Haldninga blant folk vi har snakka med er at no må noko skje og at det hastar.

Rådmannen

Vi retter spørsmålet til rådmann Toril Hovdenak som fortel at det no er ein politisk prosess på gang. Eit tidlegare vedtak i kommunestyret var at bygget skulle seljast til høgstbydande over takst.

– Det viste seg at det var ingen som ville betale takst for huset. Ei ny sak blir difor no lagt fram for formannskapet der vi ber om å få selje huset til høgstbydande, fortel Hovdenak.

– Og det betyr at det vil bli sett fart på dette så snart det politiske vedtaket ligg føre?

– Eg har vore for lenge i dette gamet her til at eg vil forskotere kva det politiske vedtaket vil bli. Ein skogseigedom er og ein bit av dette og eitt av spørsmåla vi vil ha svar på, er om dette skal seljast samla eller skal delast opp, seier Hovdenak.