– Rauma har skilt seg ut frå dei fleste andre kommunar med å vere offensiv både i arbeidet med å trekke innflyttarar til kommunen og med å følge opp innflyttarar som er komne, seier June Lyslo som nyleg er ferdig med eit forskingsprosjekt i samfunnsgeografi ved NTNU i Trondheim.

Lyslo seier dette var bakgrunnen for val av oppgåve og dette viser seg no å vere ein særs viktig del av konklusjonen i det forskingsarbeidet som er gjort.

– Eg er frå Vestnes og det Rauma har gjort, hadde eg lyst til å kikke nærare på, seier Lyslo og fortel at feltarbeidet vart gjort på hausten 2016 då Nordveggen framleis hadde ansvar for Innflyttarkontoret. Ho fortel og at ho fekk god hjelp av Nordveggen i arbeidet og med å kome i kontakt med personar som vart informantar i dette arbeidet.

– Eg enda opp med ei gruppe på 10 innflyttarar og det var viktig for meg at desse ikkje skulle ha noko form for familiær tilknyting til Rauma og dei skulle ikkje vere tilbakeflyttarar, fortel Lyslo.

Fire punkt

Fire definerte hovudpunkt danna etter kvart grunnlaget for oppgåvearbeidet. June Lyslo ville sjå nærare på kva motiv innflyttarane hadde for å velje Rauma, ho ville ha svar på opplevinga med å flytte hit og bli integrert her og ho ville ha svar på kva tilknyting dei har fått til den nye heimkommunen. Det siste punktet, var kva tilhøve innflyttarane hadde til naturen.

– Under motiv var det «idylliske og trygge livet på landet» ein viktig årsak. Nær naturen og gode kommunikasjonar som gjorde det mogleg å ha ein fleksibel jobb, var og viktig. Ein utadvendt innflyttarteneste viste seg og å vere viktig, fortel Lyslo.

Når det gjeld punktet om opplevinga av å flytte hit, fann studenten stor forskjell på om det var familiar eller einslege ho snakka med. Einslege innflyttarar måtte vere meir aktive sjølve og var meir opptekne av det integreringsarbeidet som Nordveggen stod bak, til dømes Innerveggentreff. For alle informantane sin del handla det om å etablere nettverk ut frå eigne interesseområde.

– Spørsmålet om å bli buande, heng nøye saman med punktet om integrering og finne seg til rette. Eg ser dessutan at jobb er viktig, seier Lyslo.

Naturen

Undersøkinga til Lyslo konkluderer heilt klart med at kommunen sin visjon har hatt mykje å seie for tilflyttinga. Alle informantane kjente til visjonen før dei flytta til Rauma.

– Det ser eg på som ganske spesielt fordi det er mange kommunar som har visjonar som er svært lite kjent. Ho legg til at visjonen og måten kommunen verdsette innflyttarar på blir trekt fram som spesielt viktige punkt i undersøkinga.

– Med ti informantar? Du er ikkje redd for at undersøkinga di blir for smal?

– Eg har ei relativt brei gruppe og er komfortabel med det. Men det kunne sjølvsagt ha vore fokusert på fleire ting i ei undersøking, som til dømes næringslivet si rolle i dette arbeidet. Men eg meiner mitt material viser ein klar tendens.

– Er det noko du er spesielt overraska over?

– At Nordveggen hadde ansvaret for eit innflyttarkontor og at dei som flytta hit kjente seg både ønske og velkomne i tillegg til oppfølging etter at dei var komne gjorde situasjonen tryggare for mange og har betydd mykje for mange. Det bør vere spanande for kommunen å følge akkurat dette framover så lenge Nordveggen no ikkje lenger har ansvaret for eit innflyttarkontor, seier Lyslo.

At mange kjem hit og trivst, betyr nok at mykje rett har blitt gjort til no.

– 400 nye innbyggarar til Rauma. Er det ein vel ambisiøs visjon sett med dine auge?

– Kommunen må vere veldig aktiv og strategisk på dette feltet og å vidareføre det beste av det som har vore gjort, bør vere eit godt verkemiddel i så måte, konkluderer June Lyslo.