Torvald Hjelden Sætrang (20) frå Innfjorden har tidlegare jobba for oss her i Åndalsnes Avis, og no er han ein av dei som har fått plass på plass i Nynorsk Avissenter i Førde.

– Eg såg på det som ein fin måte for meg å få meir erfaring innan journalistikk. Eg har fått meirsmak på å jobbe med journalistikk etter tida i Åndalsnes Avis, fortel han.

Så langt har han ikkje rekt å sjå så veldig mykje av Førde.

– Men eg trivst veldig godt i Firda så langt, og eg trur at dette blir fire spennande og lærerike månader, seier han.

Berre unge menn

Det tiande kullet med nynorskpraktikantar starta opplæringa i Nynorsk avissenter på nyåret, med Firda Media som vertsavis og klasserom.

No ventar fire intense månader med produksjon og teori i Førde, før praktikantane får prøve seg i ein annan redaksjon i to månader. For første gong er det berre karar i kullet.

Sidan starten i 2013 er det likevel eit klart kvinnefleirtal, med 60 prosent kvinner. Med vårens kull har i alt 41 praktikantar fått opplæring i språk og journalistikk i Nynorsk avissenter. Vel halvparten av dei som har fullført utdanninga, arbeider i dag som journalistar, fortel avissenteret i ei pressemelding.

I kull nummer 10 går, saman med Torvald Hjelden Sætrang, Thomas Vie Nordeide (32) frå Fyllingsdalen i Bergen, Per Lønning (25) frå Stord i Sunnhordland og Vetle Mikkelsen (21) frå Odda.

Viktig for rekrutteringa

Nynorsk avissenter starta i tilknyting til avisa Firda hausten 2013. Føremålet er å lære opp journalistar som skriv nynorsk og meistrar dei nye plattformene for moderne avisjournalistikk. Praktikantane er fire månader i Firda og to månader i ein annan redaksjon.

- Nynorsk avissenter er ein viktig kanal for oss. Avissenteret leverer gode folk, og det er ikkje så mange andre som lenger leverer nyutdanna journalistar som skriv nynorsk, seier Svein Olav Langåker, redaktør for Framtida.no, Framtida Junior og Magasinett.

Framtida er ei nyhende- og debattavis for barn og ungdom, med kring 20.000 brukarar i veka. Langåker har så langt hatt fire journalistar frå Nynorsk avissenter.

- Før kunne vi i større grad rekruttere frå studentavisene, men inntrykket mitt er at journalistane der nesten ikkje skriv nynorsk. Det er heller ikkje mange nynorskbrukarar frå dei tradisjonelle journalistutdanningane som søkjer hjå oss, seier Langåker.

Torvald Hjelden Sætrang. Foto: Ivar Myklebust Longvastøl