– Vi skal hjelper til på kjøkenet og lage gode smakar. Vi representerer Fjord Norge og ikkje berre oss sjølve, fortel ein engasjert Guttorm Furmyr etter at han no er kjent med at det blir tur til Berlin og Grüne Woche i slutten av januar.

Her vil dei vere i godt selskap med fem andre matverksemder frå Møre og Romsdal og dei vil vere ein del av 60 ulike utstillarar frå tre regionar i Norge. Fjord Norge, Trøndelag og Fjell Norge vil vere regionane som skal presentere norsk matkultur og reiseliv og.

Grüne Woche i Berlin er rekna som verdas største mat- og landbruksmesse og det er venta nærare ein halv million besøkande.

Guttorm Furmyr fortel at han og kona Gudrun reiser saman og at dei allereie har vore i Bergen for å ta del i førebuingane til det som skal skje i Berlin. Han fortel at dei to skal arbeide på kjøkenet og stå på stand i fem dagar og at dei i tillegg vil vere turistar i den tyske hovudstaden eit par dagar i samband med opphaldet.

– Vi skal ikkje promotere eiga bedrift, men vere ein del av ein felles presentasjon og marknadsføring, men vi skal snakke med folk og vi har lov til å svare på spørsmål og stikke til litt informasjon og det har vi tenkt å gjere. Kjem det meir folk til regionen, ja, så dryp det nok litt på oss og, seier Guttorm Furmyr og legg til at han gler seg stort til det dei skal vere med på.

Dei andre verksemdene som er med frå Møre og Romsdal er Kami Skotholmen, Brubekken gardsmeieri, Drågen Smokehouse, Smia Fiskerestaurant og Mætt og Go Eteri og Landhandleri.