Tre gonger har stillinga som rektor ved Måndalen skule vore lyst ut. Tre gonger har det ikkje vore kvalifiserte søkarar til denne stillinga. Men no er ein ny rektor på plass. Takka vere ein prosess der eit rekrutteringsbyrå har vore hyra inn for å sjekke moglege personar i randområdet til Rauma.

Vanskeleg

– Det har vore ein vanskeleg situasjon med ei midlertidig løysing ved Måndalen skule. Det har vore viktig av mange grunnar å få ein ny leiar på plass. Det handlar om å leie både utviklingsarbeidet, det handlar om å bygge ein fellesskule for Måndalen/Vågstranda og det handlar om å leie ein utbyggingsprosess, seier skulesjef Straume. Han fortel at den nye rektoren i Måndalen heiter Knut Øyvind Hoem. Han er i dag inspektør ved Helland skule i Vestnes og er busett i Vestnes.

– Målet er at han skal vere på plass så snart som råd, seier Straume og legg til at han er glad for at dette no er på plass.

– Vi har fått tips om at høgare lønn har vore brukt i denne rekrutteringsprosessen?

– Det er ikkje rett. Han er tilsett på vanleg vis med lønn som rektor ved skulen har i dag. Lønn har ikkje vore brukt, men vi har brukt pengar på å leige eit rekrutteringsbyrå som kommunen har brukt i andre høve.

– Kor mykje pengar har vore brukt til dette?

– Det veit eg ikkje akkurat, men det blir fort opp mot 100.000 kroner for å gjere ein slik prosess fram til at kommunen sjølv gjennomfører samtalar og tilsetting. Byrået har gjort ein god jobb for oss og eg er glad for den jobben dei har gjort, men dei veit å fakturere for slike jobbar.

– Er dette eit uttrykk for at det er vanskeleg å rekruttere til slike leiarstillingar i ein liten kommune som Rauma?

– Om vi er liten eller ikkje er eit spørsmål. Men vi ser at slike leiarstillingar ikkje blir omfatta med stor interesse. Rektorstillinga ved Åndalsnes ungdomsskole fekk og berre to interne søkarar.

Tar ballen

– Det var ei utfordring som eg no fekk etter ti år i skulen og to av desse som inspektør her ved Helland skule. Eg fekk lyst til å prøve å ta den ballen, seier Knut Øyvind Hoem (35) og legg til at ein pendlarveg på 20 minutt ser han heller ikkje på som noko problem. El-bil har han og skaffa seg.

– Har det vore viktig for deg at Måndalen i dag er ein kombinert barne- og ungdomsskule?

– Eg kjenner godt til strukturdebatten som går i Rauma. Eg har sagt ja til jobben med den skulen som er der i dag og så får vi rett og slett sjå kva tida bringer og korleis ting vil endre seg. Hoem legg til at han og ser fram til å samarbeide på rektornivå i Rauma der mange er ganske unge og har blitt tilsett dei seinare åra.

– Når vil du vere på plass i Måndalen?

– Utgangspunktet er 1. mars, men det kan hende det kan bli før om ting løyser seg med mi stilling her ved Helland skule.

– Har du sagt opp i Vestnes?

– Nei, eg har fått innvilga permisjon, seier Knut Øyvind Hoem.

Ny rektor: Knut Øyvind Hoem er den nye rektoren ved Måndalen skule. Foto: Privat.