– Kvifor vel du å delta på minnearrangementet – eg antar at det er veldig hektisk med boklansering?

– Det er jo fordi eg kjende Christel Siem, og når ein blir spurd om å delta på noko slikt, så gjer ein jo det. Og eg gjer det òg sjølvsagt fordi ho var ein viktig person i norsk kulturliv. Eg kjende ho lenge, eg var ikkje veldig nær ho, men vi hadde likevel eit nesten fortruleg forhold. Ho kom til Oslo ein gong for å besøke meg, søke råd om forskjellige ting som ho jobba med på Aasen-senteret.

Og Hoem minnast Christel som veldig direkte i kommunikasjonen:

– Ho gjorde inntrykk på folk – iallfall på meg.

Hoem seier at han i mange år visste at ho var sjuk.

– Eg ringde ikkje til henne så ofte, men eg var klar over at ho kjempa ein veldig spesiell kamp. Så det var skikkeleg trist at ho tapte til slutt, men det var vel ikkje så veldig uventa ...

Han blei beden om å skrive noko til gravferda hennar, og det sette han stor pris på.

– Og no reiser eg til Åndalsnes for å støtte fondet hennar. Eg tar ikkje betalt, og det vil eg gjere av og til; ein kan ikkje berre arbeide for pengar, seier han og humrar.

Han håper at besøket kan komme kulturlivet i Rauma til gode; at det kjem folk og at det genererer nye arrangement.

– Kva får folk sjå og høyre på kulturhuset?

– No har eg gitt ut den fjerde boka i utvandrarserien, eller familiekrønika, som eg like gjerne kallar denne serien. Eg skal snakke mest om krønika og om den siste boka som kom ut for nokre dagar sidan. Det er jo ei historie om folk som blir utsett for store påkjenningar og som oppdagar at livet kanskje ikkje er nokon leik, men som dei prøvar å komme seg gjennom likevel.

Han seier det er mykje i boka frå 1930- og 40-talet:

– Depresjonar, uår på Alberta-prærien med mange landeplager; grashopper, svartrust, haglstorm, tørke, prisreduksjon, prisfall og avlingssvikt og alt det der. Og så er det òg ei bok som går nokså nær inn på folk med psykiske lidingar – kva det kostar for den næraste familien. Boka er basert på familiehistorie og familiehistorier. Ei nokså brei forteljing med mange personar i, men boka har blitt veldig godt motteken over heile landet, og eg sel så det står etter. Og det mest gledelege med det, er at nynorsken, som før såg ut til å vere ei hindring for mange; det merker eg ikkje meir til. Folk som er interessert i bøkene bryr seg ikkje om at det er nynorsk. No har eg like mange lesarar i Oslo som i Sogn og Fjordane.

Hoem har i tida som kjem eit omfattande reiseprogram. Kvinesdal og Egersund i førre veke, så Molde måndag, og deretter dei andre byane i fylket – inkludert Åndalsnes onsdag.

– Det går i eitt fram til jul, og nesten langt utover våren også, forresten. Men så lenge eg orkar, så vil eg gjerne, for det gir meg energi å møte lesarar og snakke med folk som er interessert i bøkene mine.

– Kvifor gjer du dette gratis?

– Akkurat i dette tilfellet ville det vere rart om eg skulle forsyne meg av eit fond som er samla inn for å styrke kulturlivet i Rauma. Av og til stiller eg opp når det trengst. I dette tilfellet var det heilt opplagt at det skulle bli slik. Så kan andre og mindre kjente forfattarar få glede av fondet etter Christel.