Ja, så rotekte er 43-åringen frå Vågstranda at ho til og med fann mannen sin i bygda og fekk lagt Reistad til etternamnet sitt då ho gifta seg. Så glad er ho i bygda og heimplassen sin at ho har utdanna seg til ein jobb på Vågstranda skule og busett seg for godt i bygda der ho har vakse opp. Rundt seg har ho familie og folk ho kjenner og frå hjartet strøymer eit ekte og sterkt engasjement for at Vågstranda skal vere innhaldsrik nok til at det skal vere ein god plass og bu.

– Kvifor spør du meg? Mariann er litt tilbakehalden når vi gjerne vil treffe henne i portrettserien «For ei dame». Ho meiner Vågstranda har så mange fleire. Ho er ikkje åleine om eit sterkt engasjement og eit ukueleg ønske om at Vågstranda må halde fram med å vere ei livskraftig bygd. Ho meiner det er mange som dreg i same retning.

Levande bygd

Men Mariann går med på at ho kan representere dei ho meiner er mange. Alle dei som kjempar for butikken, for skulen, for barnehagen og for at det både skal vere gatelys og lys i lysløypa. Alle dei som både meiner og vil at Vågstranda framleis skal vere ein del av Rauma og ikkje bryte med ein god tradisjon som vart starta i 1964. Men ein tradisjon som i dag er truga og som mange krefter vil stoppe. Banda til Åndalsnes er svakare enn nokon gong og Vestnes er nærare enn nokon gong. Bompengar har lenge vore eit fyord for mange på Vågstranda, og på toppen har det no vore kolonnekøyring i to tunnelar i månadsvis.

– Det har rett og slett blitt mykje enklare å reise til Vestnes, seier trebarnsmora og skjuler ikkje at det riv hardt i lojalitetsprinsipp ho gjerne vil leve etter.

– Ja, eg har alltid tenkt at vi skulle vende attende hit til Vågstranda, seier Mariann. No har barna fire besteforeldre i nærleiken med alle dei fordelane det inneber. Og for Mariann betyr det at ho kan stå på vidare med å engasjere seg for at bygda skal vere ein god plass å bu.

– Når andre trivst og er glade, så blir eg glad –, eit aldri så lite leieord for henne som mange meiner har fleire timar i døgnet enn alle oss andre.

Heildagsskule

Ho smiler berre til vårt spørsmål om ho like gjerne kunne ha drive heildagsskule på Vågstranda skule. Det er dei same ungane både i skuletid, i aktivitetar i idrettslaget, ungdomslaget og i Vågstranda arbeidsstove. Ungane berre ler til henne når ho seier ho er lærar i skuletida, men frivillig mamma på ettermiddag og kveld.

– Eg har berre gode minne frå eigen oppvekst og eg er vaksen opp med at det er rett å engasjere seg. Mine foreldre har lært oss å stille opp og å vere med å bidra. Eg har difor vore fast med i ungdomslaget sidan eg var 16 år, med unntak av tida eg budde borte. For meg handlar det om å få til sosiale møteplassar der folk trivst og kjenner seg heime. Og her i bygda er folk utruleg flinke til å møte opp.

– Og tid og krefter har du alltid?

– Det tar tid, men betalinga er trivsel, identitet og gode minne og ikkje minst at det kan lyse glød og fascinasjon av barna sine auge.

Seg sjøl nok

– Kan ein bli for mykje bygdepatriot og med det gløyme å løfte blikket?

– Ja, og det er eg oppteken av. Eg er lei meg for ein del av argumentasjonen vi har sett frå bygda i ein del diskusjonar. Ei bygd kan bli for navlebeskuande. Men eg vil beskrive meg sjølv som ein raumapatriot og ein raumaværing og eg meiner eg greier å løfte blikket. Eg set pris på det som skjer elles i kommunen og ikkje minst på Åndalsnes. Eg har vore engasjert i festivalane og no køyrer eg dottera mi til trening og kamp på Åfarnes. Men på same tid har det aldri vore kortare til Vestnes enn det er i dag. Det tek meg 12 minutt. Med stengde tunnelar blir lojaliteten til å bruke Åndalsnes no sett på ei alvorleg prøve. Banda mellom folket her på Vågstranda og sentrum av kommunen har aldri vore svakare enn dei er no og det må politikarane våre ta på alvor. No er diskusjonen om ungdomsskulane i nord og sør oppe endå ein gong. Dette er utmattande og mange opplever at politikarane ikkje er til å stole på og at vedtak ikkje er til å stole på. Eg har reagert på ting som har vore sagt i debatten, men det er ikkje vanskeleg å forstå irritasjonen blant folk. Ingen set pris på å bli dolka i ryggen.

– Kva treng bygda di for å vere ei levande bygd?

– Barnehage. skule og butikk, og skule er meir enn skule. Skulen er hovudnerven og knutepunktet i bygda.

– Er lyset i ferd med å brenne ut for Vågstranda skule?

– Det er ein stor fare for det, ja. Barna våre kan sikkert leve godt med å gå på skule å Måndalen, men eg er redd for konsekvensane for bygda og det synest eg det er skummelt å tenkje på. Identitet og tilhøyrsle vil heilt sikkert få seg ein knekk og vi vil kome til å sjå at ungane i bygda blir delt på fleire skular. Tid og logistikk betyr mykje for mange foreldre i dag og det må vi ha respekt for, seier Mariann og meiner kommunen og politikarane må køyre ein slik skuleprosess på ein heilt annan måte enn det blir gjort.

– Det må vere prega av langtidsplanlegging og av at fasilitetar blir lagt til rette først. Så må det jobbast langsiktig for å få folket med seg og ikkje mot seg. Dei folkevalde er folkevald for oss alle, seier Mariann.

– Ein finger med i det meste. Er du redd for å ta for stor plass?

– Det håpar eg verkeleg ikkje at eg gjer. Det er ikkje meininga i alle fall. Men eg er både impulsiv og har eit sterkt ønske om å bidra. Eg kan ofte vere styrt av magekjensle som til dømes både har ført til at campingvogn i løpet av ei veke vart til campingbil og at familien like fort fekk seg ein hund. Men eg meiner at viktige verdiar ligg i botn for det eg gjer.

Idol

Mannen min si mormor har alltid vore eit idol for meg. Ho viste alltid livsmot og livsglede trass i eit liv i fattigdom og mykje motgang. Ho såg aldri mørkt på noko og vart heile 101 år. Eg er glad for at barna mine rakk å bli kjent med henne og hennar syn på livet. Av henne har vi lært å sjå framover og å vere til for kvarandre og å tenkje at ting kan gå bra sjølv om det skjer ei endring. Vi må ikkje låse oss fast i det negative, men starte med oss sjølve og søke løysingar, seier Mariann før ho fortel om ein nyleg unnagjort fotballtur for familien til Liverpool.

For Mariann sin del, ikkje for å sjå fotball, men fordi det var ein felles arena for heile familien og fordi det heile kunne toppe seg då dei, saman med 50.000 andre, kunne synge «You never walk alone» med tårar i augekroken.