Kven bør få stjerne? Det kan vere så mange. Somme har gjort ein eineståande innsats, andre har bak seg ei oppleving i 2017 som har sett sterke spor. I det heile kan det vere mange, og svært ulike grunnar til at vi vil overraske og ære folk no i tida før jul.

Men vi må ha hjelp. Vi vil ha tips og forslag. Det kan vere ein person, ei gruppe eller ein skuleklasse. Det kan vere ei trenar, ein lærar eller han eller ho som står i kassa på Rema eller Coop. Det kan vere han eller ho som - ja - berre har gjort jobben sin, men som har gjort jobben sin til noko meir enn det er naturleg å vente seg.

Vi er altså ute etter at dei gode gjerningane skal bli sett og lagt merke til. Vi vil skrive dei fine og gode historiene som minner oss om vi er til for kvarandre i tida før jul. Store eller små historier. Dei kan alle vere like verdfulle.

Åndalsnes Avis har delt ut julestjerner i «alle år» og det er ein kjekk jobb å vere journalist og få lov til å dele ut blomar og skrive dei fine historiene. Det ser vi fram til også i år.

Send oss forslag. Ta ein telefon, eller stopp oss «på gata». Hjelp oss med å lage julestemning i vekene som kjem.

Her er eit skjema du kan fylle ut og tipse oss om kven som fortjener ei julestjerne.