Spiren til denne pakkeaksjonen vart sådd for to år sidan då Marit og dottera Nora skulle rydde litt i jenta sine leiker. Dei var einige om at ho hadde alt for mykje og då dukka ideen opp.Kanskje andre kunne få leikene i gåve.

– I år har vi pakka inn 211 gåver og det er mykje meir enn for to år sidan. Marit fortel at prosjektet har vore svært gjevande fordi barna lærer mykje av det og viser stor entusiasme og medkjensle.

– Dei har teikna på pakkene og sendt helsingar, fortel Marit og legg til at rundt 40 store og små har vore involvert på ulikt vis i dette prosjektet.

– Kva har barna pakka inn?

– Alt mellom himmel og jord. Bøker, leiker, klede, sminke og godteri. Og i alle pakkene ein kjærleik på pinne.

– Det er i alle fall eit fint tiltak som vi har lyst til å fortsette med. Ho legg til at gåvene blir sendt til 15 ulike barneheimar i Polen gjennom organisasjonen Aktiv Barnehjelp der mittetdalingen Ole Anders Dahle er ein aktiv pådrivar.

Foto: Privat