– Eg var oppe klokka sju for å lage sveler. Det skulle berre mangle om du ikkje fekk ferske sveler når du kjem på besøk!

Stort nærare ein svelekokk enn Oddveig Hønsvik er det ikkje råd å komme. Sidan 1989 har 58-åringen arbeidd på livsnerven mellom Rauma og Molde, først med reingjering, men etter kvart meir og meir i kafeen. Nesten som ein Hønsvik-arbeidsplass har MRF og Fjord 1 vore. Både mannen Rolf Arne, bror hans og Jon, gift med søstera til Rolf Arne, har vore på dekk. I dag er sonen Roy Inge er overstyrmann om bord.

– Det har ikkje vore lang reise til jobben, nei, seier Oddveig medan ho ser ferja nok ein gong legge til kai ved Åfarnes. Kikkar ho på klokka, vil ho nesten kunne slå fast kor mange bilar som vil køyre om bord og kor mange som står klare til å køyre i land. Oddveig kjenner i ryggmargen når trafikken er stor og når han er liten. Akkurat det vil avgjere kor mange sveler ho skal steike.

Majestetsfornærming

– Klokka seks, seier Oddveig når vi spør korleis starten på ein sveledag ser ut. Klokka seks lagar ho den første røra. Og spør ikkje om røra har stått klar sidan dagen før. Det er ei majestetsfornærming. Alt skal vere så ferskt som råd og svela skal vere luftig.

– Eg vispar med handvisp, fortel Oddveig stolt og grunngir det med ekte handverk og at svela blir luftigare. Blandinga av ingrediensar skjer på autopilot og litt over klokka seks kan dei første kjøpe seg nysteikte sveler i kafeen på Julsund.

Varemerket

Kaffe og svele. Sjølve varemerket og sjølvaste statussymbolet i ferjekafeen. Ikkje rart Oddveig legg heile sjela si i visping, steiking og å ha på smørkrem eller brunost. Med ein diameter på 15 cm blir det plass til sju per steiking og svelene blir akkurat store nok til at dei er verd prisen.

– Du tuklar ikkje med ei svele, seier Oddveig. Ho vil ikkje ha sveler med anna pålegg ein ost og sukker. Men så innrømmer ho at ho sel sveler utan pålegg når ungdommar verken vil ha sukker eller brunost fordi det ikkje er sunt nok.

– Vi sel utruleg mykje svele. Tør ikkje å tippe ein gong på kor mange eg har laga i mitt liv. Hundrevis om dagen i mange år. Oddveig fortel at no har også turistane oppdaga svela. Det har dei kanskje gjort på Facebook eller internett og dei er nysgjerrige og vil prøve. Sukker er tingen, – den brune osten er det verre med.

Fire damer gjer svelejobben og alt det andre i kafeen på ferja. Men dei er åleine på vakt og svelesteiking skjer mellom kundebehandling, smørjing av bagettar eller skjenking av kaffe.

– Mange brente sveler?

– Nei, ikkje ofte. Sveler er hjartebarnet mitt og eg kjenner det på kroppen når dei er steikte eller må snuast.

– Er dette ein kunst?

– Nei. Eg veit ikkje, men mange seier dei ikkje får svelene luftige nok. Eg meiner det har med piskinga å gjere, smiler Oddveig og hentar ei heimelaga svele frå kjøkkenet. Ho innrømmer derimot at det ikkje blir laga sveler ofte heime. Sjølv et ho nesten ikkje. Det er lenge sidan det stoppa av seg sjølv.

– Det er ikkje vi som bestemmer sortimentet, men vi må berekne mengda vi trur vil gå med i løpet av dagen, fortel Oddveig og viser til rundstykke, bagettar, horn, ciabatta og wraps skal ligge i hyllene. Det same skal pølser med tilbehøyr og softice om sommaren. Dessutan pizza. Kaffe blir laga på traktar og på moderne kaffemaskin. Eit visst utval av andre kioskvarer høyrer og med, og aviser, – som det berre blir seld mindre og mindre av.

Oddveig ser at mange set pris på pausen dei har når dei er om bord i ferja. På kaffekoppen, svelene og ikkje minst praten. Ho trur mange treng ein slik liten pause og at det er viktig på fleire vis.

– Eg ser at mange har det travelt og ferja blir plassen for eit lite matinntak dei ikkje har hatt tid til andre plassar. Mange er faste innom og eg veit kva dei skal ha. Det er dessutan meir pengar blant folk og vanar har endra seg. Nistepakkene ein kunne sjå før, er definitivt borte.

Utvikling

Oddveig ser og ei anna utvikling. Ungdom har meir pengar enn før og handlar mykje enten dei er på skuleveg eller på fotball- eller handballtur. Ei anna utvikling er at mange passasjerar ikkje kjem inn i det heile tatt. Dei sit i bilane sine og arbeider eller dei sjekkar nyhende og er på Facebook.

– Kva vi skal gjere med det, veit eg ikkje. På ein eller annan måte må vi få fleire inn om vi skal kunne halde fram med eit slikt serveringstilbod, seier Oddveig og skjuler ikkje at ho er uroa over framtida når det gjeld jobben sin. To ferjer skal inn i sambandet frå februar. Korleis det då blir, veit dei enno ikkje. Ho håpar derimot at ho skal kunne vere svelesteikjar til ho blir pensjonist.

– Er du matmor også på heimebane?

– Ikkje slik eg var ein gong. Men eg er glad i å lage mat og eg er svært oppteken av omsorg for familien min. Oddveig fortel om ni barnebarn og at seks av dei bur så nære at dei stadig vekk er på besøk. Ikkje så sjeldan blir det henting eller bringing til barnehage og det blir mat frå bestemor sitt kjøken.

– Det blir verre med dei tre barnebarna som ikkje bur her. Dei får eg mindre tid til og det kjenner eg smerter ein del. Oddveig skulle gjerne ha vore der like mykje for alle. Å vere i lag med barnebarn er det beste krydderet ho kan krydre livet med.

Men fjellet, og det å vere på tur, er eit anna viktig krydder. Fem gode venninner har gått tur saman to gonger i veka i årevis. I sommarhalvåret til topps og om vinteren på brøyta bygdevegar. Før gjekk dei alle dei 20 turmålsturane i Rauma og gjorde seg kjent over alt i kommunen.

– Dette er utruleg viktig for meg, både for kroppen og hovudet, seier Oddveig og legg til at dei same fem, annakvart år, reiser på dametur til ein storby ein eller annan plass. Også det viktig for den gode venskapen.

14 dagar på jobb og 14 dagar fri. På jobb to helgar i månaden. Det er Oddveig sin turnus. Ho likar det fordi ho har fri når ho har fri. Dei har hytte på fjellet og hus på Smøla.

Og om helgene blir det ofte barnebarn. Sist helga var to på overnatting frå fredag til laurdag og to frå laurdag til søndag.

– Det blir ein del barnevakt, ja. Eg ser at foreldra treng det, seier den omsorgsfulle bestemora.

På feelingen: Kontrollmålet viser 15 cm i diameter. Det er den rette storleiken og det kunden må få for prisen han betalar, meiner Oddveig. Foto: Stein Siem