Det skjer omfattande arkeologiske utgravingar på Setnes ved Grytten kirke om dagen.

Det er Statens vegvesen som er oppdragsgjevar i samband med nye vegplanar i området. Utgravingane skjer i det området som blir omfatta av Vegvesenet sine reguleringsplanar og målet er å få kartlagt kulturminna i området tidleg i planprosessen.

Eine sida

– Vi har framleis berre undersøkt den eine sida av vegen og vi reknar med å finne endå fleire spor etter hus på oversida av vegen, seier Kristoffer Dahle og viser til ei rekke funn som no er gjort på staden.

Undersøkingane så langt viser nemleg at E136 går midt mellom dagens tun på Setnes og gamle graver nærare sjøen.

– Det er, ikkje uventa, funne massive spor etter forhistorisk åkerbruk, med ardspor og tjukke dyrkingslag og vi har og funne omfattande spor etter bygningar og ein del groper med førebels ukjent karakter, seier Dahle og viser konkret til mange stolpehol, veggrøfter, eldstader og kokegroper.

Dahle veit ennå ikkje nøyaktig alder, men meiner dette truleg stammar frå jarnalderen i tida mellom 500 f.Kr og 1000 e. Kr. Området vart nemleg ikkje tørt land før mot slutten av bronsealderen.

Tidlegare funn

Dahle fortel vidare at Setnesjorda er eit område som Møre og Romsdal fylkeskommune har vurdert til å ha svært høgt potensial for arkeologiske funn.

Det ligg nemleg sentralt i møtet mellom dalen og fjorden og det er tidlegare gjort rike funn på desse jorda, mellom anna det kjente Setnesfunnet som er eit viktig funn med tanke på kristningsprosessen av landet.

– Mykje tyder på at Nordvestlandet vart kristna alt 50–100 år før Olav den Heilage og slaget på Stiklestad, fortel Dahle og viser til at Setnesfunnet var grava etter ei rik kvinne som kanskje var frua til ein stormann. Med seg i grava hadde ho kristens gravgods, truleg plyndringsgods frå dei britiske øyane.

Setnes feriesenter

– I 2016 og 2017 gjorde vi og funn ved Setnes feriesenter der det vart funne busetnadsspor frå slutten av bronsealderen, ca. 500 f. Kr, fortel Dahle.

Om få dagar vil arkeologane flytte seg til andre sida av E136 og Kristoffer Dahle legg ikkje skjul på at det knyter seg stor spaning til kva dei vil finne her. Han meiner vidare undersøkingar vil kunne seie noko om karakteren og omfanget av busetnaden på plassen til ulike tider. Kanskje vil vidare arbeid avdekke at det har vore ein landsby på Setnes slik ein kjenner frå andre delar av landet.

Heidi Eltoft grev på ein annan stad ved kyrkja. Om kort tid flyttar dei utgravingane til andre sida av vegen. Foto: Stein Siem.