Vil investere for 6,5 milliardar

Fylkesrådmannen i sitt forslag til økonomiplan dei neste fire åra.

Investerer: Det er høgt investeringsnivå i forslaget. Foto: Bjørn Brunvoll / Romsdals BudstikkeFoto: BJORN BRUNVOLL

Nyheter

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik har lagt fram sitt forslag til økonomiplan for fylkeskommunen.

Han legg opp til eit driftsbudsjett for 2018 på 3,8 milliardar kroner og investeringar for 6,5 milliardar dei neste fire åra.

– Det er fleire årsaker til at vi legge opp til eit så høgt drifts- og investeringsnivå. Vi skal sikre eit godt tenestetilbod og ei forsvarleg drift, samstundes som vi skal følge opp investeringar knytt til politiske vedtak. I tillegg har vi eit stort vedlikehaldsetterslep på både fylkesvegnettet og skolebygg som vi må ta tak i, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik på deira nettside.

Satsar

Fylkesrådmannen vil blant anna bruke 1,4 milliardar kroner til investering i skolebygg. Nordøyvegen utgjer den tyngste satsinga i perioden.

Fylkesplan for 2017 til 2021 har tre innsatsområde; kultur, samferdsel, kompetanse og verdiskaping.

- Desse satsingsområda er innarbeidd i økonomiplan 2018-2021 med mellom anna betra og meir tilrettelagt kollektivtilbod, krav til miljøferjer i nye anbodspakkar, vidareføring av byutviklingsfond, styrking av musea og satsing på mat, kultur og reiseliv.

Store utfordringar

Samstundes meiner Guttelvik at fylkeskommunen står ovanfor store økonomiske utfordringar.

  • Gjennomføring av Nordøyvegen
  • Omfattande behov for investeringar og vedlikehald på fylkesvegnettet
  • Omfattande behov for investeringar og vedlikehald av skolebygg
  • Auka kostnader knytt til nye ferjeanbod med miljøkrav, med tilhøyrande behov for investering i nye ferjekaier.
  • Ingen reell balanse i økonomiplan 2018-2021 utan bruk av driftsfond i åra 2019-2021
  • Allereie høg lånegjeld som belastar drifta ved inngangen til ny økonomiplanperiode

– Drifts- og investeringsnivået ligg for høgt i høve til dei rammeoverføringane vi får frå staten og prognosen på skatteinntektene. Bruk av fond til å balansere dei årlege budsjetta er ikkje eit berekraftig opplegg på sikt. Når vi bruker opp driftsfonda våre, mister vi ikkje berre reservar, men vi mister også fleksibilitet og handlefridom. I 2018 må vi derfor setje i gang eit arbeide med å omstille drifta med tanke på å redusere utgiftsnivået dei komande åra, konkluderer Guttelvik.