Snart skal det lyse elektrisk lys på Skorgedalsbu i Skorgedalen. I slutten av førre veke var det kalla inn til dugnad og nærare 40 arbeidsvillige kvinner og menn har no sørga for at tre lengder med tjukk og tung el-kabel er dratt ut og kome på plass i grøfta.

Vurderte solcelleanlegg

– Vi har vurdert fram og attende om eit solcelleanlegg ville ha vore det rette, men har landa på at det låg til rette for straum som er stabilt og vedlikehaldsfritt. Installasjonen i hytta vil bli gjort så snart som råd, fortel Roy Dahle som er ein av dei hytteansvarlege på Skorgedalsbu.

Roy Dahle fortel at budsjett for arbeidet sjølvsagt er klarert med styret i Molde og Romsdal turistforening og at samla kostand vil ligge på rundt 440.000 kroner med behov for lokal finaniering på 300.000 kroner.

– Vi kan vise til ei svært god utvikling når det gjeld bruken av Skorgedalsbu og hytta går no med overskot. Han legg til at oppussing i terrenget vil skje i næraste framtid.

Håvard Hole og Jann Stensland legg her delar av kabelen i den åpne grøfta. Foto: Stein Siem
Eirik Dahle er her først ute i ei lang rekke av dugnadsfolk som har løfte el-kabel fram til Skorgedalsbu. Foto: Stein Siem