Trollstigen kan bli stengt på kort varsel

Meldt en god del nedbør.

Trollstigen fredag. Foto: Stein Siem

Nyheter

Statens vegvesen melder fredag at fylkesveg 63 Geiranger - Langvatn blir stengt frå klokka 20 i kveld 6. oktober fordi det er meldt snø.

Trollstigen kan også bli stengt på kort varsel.

- Det er meldt ein god del nedbør og minusgrader og vegen mellom Geiranger og Langvatn ligg på over 1000 meter på det høgste. Det er ikkje trygt å ha bilistar med sommardekk på fjellet når vegen ikkje er berr, fortel byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen.

Bilistar som har tenkt seg over fjellet, må halde seg oppdatert på trafikkmeldingane på 175.no og sko køyretøya sine etter forholda om vegen er open.