Opning for tidlegjakt på grågås

Kan jakte fra 26. juli.
Nyheter

Fylkesmannen har 22. juni 2017 fastsett forskrift om døgnregulering og tidlegare jaktstart på grågås i kommunar i kommunane Haram, Sandøy, Aukra, Vestnes, Rauma, Halsa og Smøla.

Her kan grågåsjakta starte 26. juli i område i tilknyting til innmark og inngjerda beite. I resten av fylket startar grågåsjakta 10. august.

Formålet med å starte jakta på grågås tidlegare enn 10. august er å avgrense skadeomfanget på dyrka mark, samt å regulere bestanden slik at jaktuttaket aukar ved at jakta kan skje over ein lengre periode før gjæsene trekker sørover og ved å felle fleire ikkje-hekkande gjæser. Ein føresetnad for å forskriftsfeste tidlegare jaktstart er at det ikkje blir drive omfattande skadefelling av grågås på våren.