Plaketten i 4H heng høgt. Ein må ha vore aktiv i 4H-klubben i minst sju år og fått sju godkjente 4H-prosjekt for å kunne motta plaketten og 4H-vitnemålet. Therese Flovikholm (19) frå Kråkefot 4H i Åfarnes i Rauma kommune var ein av dei som mottok plaketten i 2016. Ho var svært fornøgd etter utdelinga i Malmefjorden i helga.

– Det er veldig artig å få plaketten. Eg starta i 4H då eg var ni år, men allereie før den tid hadde eg sett plaketten til far min henge på veggen heime. Eg spurte han for mange år sidan kva dette var, og han fortalte at ein måtte vere aktiv i 4H i mange år for å få den. No har eg fått den sjølv, og er veldig fornøgd med det, seier ho.

Plaketten er siste steg i 4H-programmet.

– Eg har fått mykje igjen for å vere med i 4H. Masse vennar, kunnskap, leiarerfaring og ansvarskjensle. Eg har fått vennar i heile Norge, og i USA, Canada, Finland og Danmark gjennom 4H, spesielt gjennom landsleiarane og dei nordiske leiarane. No kan eg reise billeg gjennom heile Norge, for med vennar over heile landet finn eg alltid ein plass å sove.

Therese har gode minner frå det lokale arbeidet iKråkefot 4H i Åfarnes, og nå er ho er klar for innsats ialumnklubben MORAL i fylket.

- Allereie frå den første fylkesleireneg deltok på har 4H-alumnane i dei gule leirbuksene vore forbilde.No er eg klar til innsats som alumn og til å vere med for fullt imiljøet.

Therese har ei oppmoding til dei meir ferske 4H-arane:

-Reis på leir! Det er leirane som har fått meg til å vere med i 4Hså lenge. Då får du møtt mange og får mange vennar frå ulikekantar.

Therese Flovikholm frå Kråkefot 4H i Rauma er ein av plakettmottakarane i 4H. Her frå 4H Møre og Romsdal sitt årsmøte i februar 2017 Foto: Foto May-Britt Skjortnes