Komande søndag er det stordag for 4H-folket på bygdahuset Breidablikk i Rødven. Då er det haustfest for Liljen 4H og her skal klubben på fleire vis feire seg sjølv. Medlemmane i klubben skal stille ut oppgåvene sine og vise fram kva deihar arbeidd med det siste året og dei skal dessutan mimre litt frå sist sommar då klubben var vertskap for fylkesleiren som hadde over 200 deltakarar frå heile fylket.

– Eg meiner vi er 25 medlemmar som stiller ut på laurdag på Breidablikk, fortel Idun Frilund som er sekretær i styret i klubben. Ho legg til at fsten og utstillinga startar tidleg på ettermiddagen og varer ganske lenge utover. Idun fortel og at det blir underhaldning frå scena og at det blir servering av kaffe og kaker.

Liljen 4H har i alle hovudsak medlemmar frå bygdene Rødven, Eidsbygda, Gjerdsetbygda og Torvik.