Då sender NRK1 den fjerde episoden i serien Norge sett frå lufta og programmet denne gongen har tittelen Risiko. Der får sjåarane oppleve fantastiske bilete av Trollveggen, Mannen, Romsdalseggen og Blånebba.

I ei pressemelding fra NRK om eit program som skal visast på NRK1 komande søndag, står det:

"Då vi gjorde helikopteropptaka for eit par år sidan, hadde vi avtale med Ida Siem i Romsdal Lodge. Ho hadde med seg ei gruppe på ski, som stod og vinka frå Blånebba og no viser vi endeleg programmet der dei er med.

Episoden handlar om den fagre, men også farlege norske naturen. Vi er innom område som er rasutsette og som har vore råka av ras, vi flyg over Jostedalsbreen og Folgefonna, er inne i istunnelen på Juvfonne i Jotunheimen og tek sjåarane med tilbake til storflaumane i 2013 og 2014, i Kvam i Gudbrandsdalen og i Flåm.

Rauma er også litt med i epsiode 5, Kontakt, som går søndagen etter. Då viser vi Trollstigen i vinterskrud.

I denne episoden går turen til nokre av dei vakraste, men også mest farlege landskapa i landet vårt. Opplev historia til dei som mista alt i nokre av dei verste rasulukkene og flaumane som har råka oss.  Bli med til bratte stup og urolege fjellsider på Vestlandet, altfor store elvar og smeltande fonner i Oppland. Vi svevar over Trollveggen og Folgefonna, fylgjer stien til Skålatårnet og stig inn i ein eventyrleg istunnel i Jotunheimen."