Innfjorden friskole og barnehage hadde aksjonsdag torsdag 6. oktober til inntekt for TV-aksjonen 2016. No er alle pengar frå sponsorane innkomne, og opptellinga viser 21.200 kroner.

- Vi hadde salg av kaffe og kaker, og mange aktivitetar for å samle inn pengar, skriv rektor Eli Vollset i ein epost.

Elevane sprang runder og hadde sponsorar som betalte pr. runde, det var pilkasting, ball i bøtta, kast svamp på ein 7. klassing, sekkeløp, potetøp, sykkelløp og mykje meir.

- Det var fint ver med sol og varme, og vi hadde besøk av mange foreldre og besteforeldre som tok lunsjpausen sin hos oss, og kosa seg ute mens dei såg barna springe, skriv Vollset.

TV-aksjonen er komande søndag og pengane går til Røde Kors.