Det er sjøen som skal gje levebrødet til Kjell Arne Lybergsvik framover. For då det vart klart at Felleskjøpet på Åndalsnes skulle slutte med båt, slutta og Kjell Arne Lybergsvik som reparatør.

Han etablerte like godt Rauma Motor AS i Rødven saman med ein kollega og kjøpte restlageret av «båt» av Felleskjøpet. Det betyr rekvisita, motorar og ikkje minst vedlikehalds- og reparasjonsarbeid på båtmotorar.

Kjell Arne Lybergvik jobbar framleis med å fullføre lokala han no leiger i Rødven og håpet er at tidlegare båtkundar ved Felleskjøpet no skal ta turen til Rødven.

– Ja, kanskje er det dristig å etablere seg her, men vi ligg like nært sjøen som på Åndalsnes, seier rødvendalingen med eit smil om munnen. Han legg til at eit tilsvarande lokale som han no får i Rødven, ville ha blitt så dyrt på Åndalsnes at han like godt kunne ha lagt inn årane før han begynte.

– Men du må ha tru på dette sidan du investerer?

– Ja, det er ein marknad for båt. Det har eg tru på. Det er stille om vinteren, det var det på Felleskjøpet og, men målet er å få vedlikehaldsarbeid på motorar som blir brukt som utleige om sommaren, seier Lybergsvik og legg til at kjøp og sal blir det og.

– Andre reparasjonar og?

– Det er ikkje det som er tanken med dette, men eg seier nok ikkje nei til ei motorsag eller ein plenklippar som det skulle vere behov for det, seier Lybergsvik.