Når Europas beste fotballspelar, Ada Hegerberg, og resten av landslaget kjem til Åfarnes fredag 16. september, vil kvar og ein av dei 16 år gamle gullvinnarane få ein landslagsspelar til bords. Det blir ein av opplevingane som kjem vinnarlaget til del i samband med landslaget sitt besøk på Åfarnes.

– Dette blir stort for jentene. Dei vart kjent med dette no i helga og dette blir minneverdig. Først blir dei ein del av landslaget si trening på Åfarnes stadion, så får dei vere aktive med landslaget som den siste delen av treninga, før begge lag, med landslaget sitt støtteapparat, skal ete lunsj saman på Åfarnes skule, fortel leiar i Langfjorden, Lillian Dahle. Lillian Dahle nølar ikkje med å legge til at dette møtet no har fått ein ekstra dimensjon i og med bildet av Ronaldo og Ada Hegerberg som gjekk verda rundt i førre veke. Dei to vart av UEFA kåra til beste mannlege og kvinnelege spelar i Europa 2016.

Tre dagar

Langfjorden skal feire i tre dagar til ende midt i september.

– Og feiringa blir tredelt. Vi skal feire den nye bana vår, vi skal feire at klubben er 40 år no i september og vi skal feire at jentene våre vann i Norway Cup, seier Lillian Dahle og fortel at det heile tek til på Aker Stadion i Molde dit alle spelarar i klubben blir invitert på pølsefest og til å sjå damelandskampen mot Kazakstan.

– Ja, vi snakkar om ein tredagarsfest og vi vil kome attende med fleire detaljar rundt det som skal skje. Det blir stort for jentene våre og det blir stort for ein liten klubb å få landslaget på besøk. Det vi ikkje visste, men som vi veit no, er at det var representantar frå landslaget på plass på Ekeberg då jentene våre spelte finale. No veit vi at landslaget ser fram til å kome hit og vi har leigd inn kokkar som skal sørge for god lunsj til alle saman, fortel Lillian Dahle før flagget skal gå til topps på Åfarnes.