Det var 40 år sidan sist for mange av dei 12 som møttest til gjensyn på Åfarnes skule sist laurdag. Samlinga og gjensynet starta på skulen med omvisning, framsyning av gamle bilete og mimring. To elevar frå kullet har no gått bort og dei vart minna med eit besøk på gravplassen på Sandnes.

Etterpå heldt gjensynet fram med fest på Rosvang gård.