Ved utgangen av juli er talet på arbeidslause i kommunen 144. Det er ein nedgang på elleve personar dei siste månadane. Ved utgangen av april i år var 155 personar var heilt utan arbeid i Rauma.

Arbeidsløysa i kommunen har sidan i fjor auka med 58 prosent, noko som utgjer 53 fleire arbeidslause dette året samanlikna med same periode i fjor.

Arbeidsløysa i Rauma er no på 3,8 prosent. Det er noko over gjennomsnittet i fylket som ligg på 3,3 prosent.

Auke i arbeidsløysa

Sjølv om Rauma har ein liten nedgang i arbeidsløysa, melder Nav i ei pressemelding om auke i arbeidsløysa elles i fylket.

– Etter nedgang i løysa i Møre og Romsdal dei tre siste månadane har vi no hatt ein liten oppgang i talet på arbeidslause. I forhold til sesongjustert løyse er dette som venta. Ein del av forklaringa er at fleire studentar melder seg arbeidslause etter avslutta studie og i tillegg er ein del sesongbaserte oppdrag før ferieavviklinga avslutta, heiter det i pressemeldinga.

Antall arbeidslause i Møre og Romsdal er no 4.642 personar, noko som betyr ei auke på tre prosent frå same periode i fjor. Dette er ei auke på 22 prosent få same periode i fjor.

Kommunen med den høgste arbeidsløysa i fylket, er Herøy med ein prosent på 5,6. Rindal har lågast arbeidsløyse denne perioden på 1,0 prosent.

I Molde er arbeidsløysa 3,1 prosent, medan den er 3,0 prosent i Vestnes og Nesset.

I landet elles ligg arbeidsløysa på 3,2 prosent, noko som svarar til ei løyse på 87.736 personar. Det er ei auke på tre prosent frå same periode i fjor.