Sjøl om vêret har letta etter stridregnet i morgontimane på torsdag, melder Yr.no om nedbør og torevêr utover ettermiddagen i Rauma.

Ifølge Yr vert det regnbyger og moglegheiter for tore frå kl. 15 i dag, før vêret skal lette mot kvelden.

På fredag er det meir lyn og tore i vente. Frå kl. 15 melder Yr om kraftig regn og tore utover kvelden.

26.000 lynnedslag

Ifølge ei pressemelding frå Frende Forsikring blei det registrert 26.000 lynnedslag over Skandinavia på berre ei natt denne veka.

For det er når vêret er varmt og vekslande som no, at talet på lyn skyt i vêret.

Martin Granerød frå Meteorologisk institutt fortel at det må ligge føre ustabile vêrforhold for at toreskyer skal verte danna.

– Når det er varmt langs bakken, kaldt i atmosfæren og vi har tilførsel av fukt får vi ofte torebyger. Ein front frå sør, eller når høgtrykk møter lågtrykk kan gi lyn over større område i timevis, seier Granerød i pressemeldinga.

– Statistisk har juli flest lynnedslag. Det er lurt å sikre seg og plugge ut før du drar på ferie, legg Granerød til i pressemeldinga frå Frende Forsikring.