– Vi kjem til å kople ut straumen frå kl. 22 fram til midnatt onsdag kveld. Alle som bur på strekninga frå Brevikstranda til Nesset-grensa vil då oppleve straumstans, opplyser driftsingeniør Ola Kappelslåen i Rauma Energi.

Årsaka er at Rauma Energi skal skifte ut ein koplingskiosk som blei skadd i samband med ei feilsøking på ein sjøkabel.

Det var feilsøkinga av sjøkabelen som førte til at store delar av Rauma låg mørklagt den første helga i mars i år.

Reint vedlikehald

– Vi skal skifte ut heile bygget. Koplingskiosken er moden for utskifting, så det er eigentleg snakk om reint vedlikehald, seier Kappelslåen.

Han understrekar at straumen vil vere tilbake rundt midnatt.

Sjøkabelkopling seinare

Tilkoplinga til sjøkabelen vil, ifølgje Kappelslåen, skje ved ei seinare anledning.

– Fordi vi skifter ut koplingskiosken no, treng vi ikkje å stanse straumen når sjøkabelen skal koplast til, avsluttar driftsingeniøren.