– Vi hentar fram det gamle samarbeidet vi hadde i Eresjord og Vistdal då vi var eigen kommune. Vår sak er at vi står saman og vi vil ikkje bli ein del av Sunndal, seier Baard Fredvig-Erichsen som er leiar i Vistdal bygdelag.

Og han står ikkje åleine. Med seg har han bygdelaga i Eikesdal og Eresfjord, representert ved Ingrid Finset som er leiar i bygdelaget i Eikesdal og Stig Arild Arvesen og Martinius Leirvold frå laget i Eresfjorden.

– Vi får aldri fred i bygdene våre. Det er ei seigpining som foregår. Folk bli utslitne og til slutt apatiske og resultatet er ikkje minst at folk ikkje lenger vil busette seg her, seier Stig Arild Arvesen.

Han får støtte av Ingrid Finset som er skremd over at det kan bli elevar i Nesset som får tre timar i buss kvar dag for å komme seg til å frå skulen.

Ny kommune

Og dei fire representane frå dei tre bygdene legg ikkje skjul på hovudintensjonen; dei vil bryte med kommunesentret Eidsvåg og resten av kommunen. Til saman har bygdene rundt 700 innbyggarar.

– Men det er vel ikkje nok til å vere eigen kommune?

– Nei, og dei små blir dessutan strypt økonomisk av sentrale styremakter, seier Martinius Leirvold.

– Nei, vi ser mot Rauma. Vi skal ha med oss kraftpengar og eigedomsskatt som høyrer til vårt område og det skal vi gå i forhandlingar med Rauma med. Kanskje fleire titals millionar i året, meiner gruppa og Ingrid Finset legg til at det skal gå an å drive mykje skule og omsorg for det beløpet i året.

Rauma?

– Men trur de at det vil vere betre å vere ein del av Rauma?

– Vi ser at det då vil vere så store avstandar at vi må få oppretthalde eit visst minimum av sørvisfunksjonar her inne. Det er det vi kjempar for. Kva anna val har vi? seier Baard Fredvig-Erichsen, og legg til at dei og vil sjå mot Lesja eller Oppdal for den saks skuld, om ikkje Rauma skulle vere interessert.

– Vi er lite folk, men har store areal og store ressursar, sier bygdelagsleiarene.

- Korleis skal prosessen nå førast vidare?

– Vi skal over nyttår setje ned ei gruppe som skal jobbe med dette vidare. Her vil vi gjerne og ha politikarar med. Vi skal arbeide mot mot leiinga i Nesset og vi vil sjå mot Rauma. Vår intensjon er å arbeid for at lokalsamfunna våre ikkje skal bli rasert, seier Fredvig- Erichsen.