VI FÅR no ei påske nesten utan snø. Skitrekk står stille og kaffe på termos, Kvikk Lunsj og appelsiner må i år setjast inn i heilt andre rammer enn elles. Ski er allereie bytta ut med sykkel eller hoppetau og vinteren 2014 går over i historia som den vinteren mange av oss ikkje fekk stå på ski. Slagordet «Å vere fødd med ski på beina» har truleg fått seg ein alvorleg knekk.

SEIN påske betyr og at det ikkje er lenge til neste høgtid. 17. mai 2014 er det 200 år sidan mennene møttest på Eidsvoll og starta arbeidet med å gje landet vårt ei grunnlov.

OG DETTE skal feirast. Stortinget har sagt at det skal leggjast opp til feiringar som inviterer til stor deltaking og engasjement for demokratiet her i landet. Jubileet skal bidra til å formidle kunnskap om grunnlova og lære dei unge til å forstå verdien av det norske folkestyret.'

GRUNNLOVSJUBILEET er meint å vere ein brei og inkluderande folkefest.Kva skal skje i vår kommune under denne vårens store festdag og resten av jubileumsåret?Frå mange kantar av landet høyrer vi om markeringar, store kulturarrangement og store ambisjonar. I Rauma har det så langt vore urovekkjande stille.

KAN 17. MAI gjerast til ein felles festdag og ein folkefest slik dei ansvarlege for grunnlovsmarkeringa oppfordrar til? Bør jubileumsåret 2014 bli den oppfordringa vi treng for at vi også i Rauma kan gjere 17. mai til ein felles fest der vi alle møtest i eit stort folketog på Åndalsnes?

DETTE handlar ikkje om å øydelegge vilkåra for felles lapskaus og brus og is på grendehus og skular rundt om i bygdene. Det handlar heller ikkje om å true bygdene sin identitet. Men det handlar om å legge til rette for fellesskap og å feire i lag.

VI TRENG å samlast her i Rauma. Kanskje er det viktigare enn nokon gong. Eg har omtala det før i denne spalta og stadig vekk les vi lesarinnlegg som omtalar polarisering mellom sentrum og utkant. I FJOR feira eg 17. mai i Ålesund. I folketoget i byen var «alle» med og skulane og bydelane gjekk under eigne faner. I byar og bygder rundt om i landet gjer dei det same.

LA grunnlovsmarkeringa i 2014 gje oss ein folkefest og eit folketog og eit rop vi kan vere stolte av. Men det hastar. Over påske er det berre tida og vegen. Oppfordringa går til ordføraren og formannskapet og til folket som må gje respons

Stein Siemredaksjonssjef